1 / 6

4-mannsbustad Jensvika Skodje

Kjempefine leilegheiter med parkeringsplass i carport

Kjempefine leilegheiter i 4-mannsbustad i Jensvika bustadfelt. Jensvika er vårt nye bustadområde med ei heilt spesiell plassering i hellinga ned mot sjøen like aust for Digerneset. Feltet ligg svært usjenert til nede ved sjøen, og har ei roleg og idyllisk plassering.

Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang til balkong eller markterrasse, og kvar leilegheit vil få ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp mot inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.

Leilegheitene kan leverast heilt eller delvis klar til innflytting mot eit avtalt pristillegg. Ta kontakt for informasjon om prisar. Kjøpar vil sjølv kunne velge standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velge anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen.