1 / 6

Leilegheiter i 4-mannsbustad Vatnehagen

Kjempefine moderne leilegheiter med parkeringsplass i carport

I det nye bustadfeltet Vatnehagen 2 er vi no godt i gang med byggearbeidet på den første av i alt tre 4-mannsbustader. Alle leilegheitene er sørvendte og har gode solforhold, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Vatne barneskule ligg like i nærleiken, berre eit par hundre meter frå feltet. Det er også gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbåthavn m.m.

4-mannsbustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar, og mange av kvalitetane har arkitekten valt å heve fram ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid.

Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang frå stove/kjøkken til balkong eller markterrasse, og innsynet mellom naboane er skjerma av skiljeveggar mellom leilegheitene. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. I tillegg har kvar leilegheit ein parkeringsplass på gardsplass. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Veg og parkeringsareal vil verte asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.

Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit

Det er mange fordelar ved kjøp av ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og berre tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.

  • Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
  • Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
  • Lave kostnader til vedlikehald
  • Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
  • Tidsriktig og praktisk bustad
  • Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
  • Du slepp hektiske budrundar
  • Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
  • God tid til å førebu flytting
  • Svært lave kjøpsomkostningar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 11 335,-