1 / 12

Rødsethagen - flotte designbustader med garasje!

Rødsethagen bustadfelt er planlagt med flotte designbustader med ein heilheitleg designtankegang. Her er ledige tomter, og feltet er planlagt med to nærast identiske typar bustader der den eine har inngangsparti på baksida, og den andre med inngang i front. Dei arkitektteikna einebustadene er i funkisstil med integrert garasje, skjerma terrasse og privat hageareal.

Bustadene er romslege og går over to etasjar, og har eit bruksareal på nær 210m². Delar av den store terrassen på ca. 28m² vil få ei overbygd hagestove. Her er fire soverom, eventuelt tre om ein vil nytte det eine til kjellarstove. På soverom i 2. etasje er det walk-in-garderobe.

Plassering

Rødsethagen bustadfelt ligg i eit idyllisk område med landleg ro, men likevel svært sentralt. Her har du flotte solforhold og kort veg til Spjelkavik sentrum og Moa kjøpesenter. Ønsker du å bu urbant, og likevel ha flotte turområder rett utanfor stuedøra er dette ein unik sjanse. Bustadfeltet ligg i tillegg nært barnehagar og skular i Spjelkavik, og nærområdet kan by på ei rekke fritidstilbod både innanfor organisert idrett og kulturliv.

Standard

Bustadene vert i utgangspunktet levert klar for eigeninnsats med sparkling, maling, tapetsering, flislegging og legging av golv, men kan om ønskeleg leverast heilt eller delvis klar til innflytting. Kjøparane vil sjølv kunne bestemme flis, parkett, innvendige fargar, utførelse på trapp, kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing m.m.