1 / 8

Tomannsbustad Vatnehagen

Vatne - Flott, moderne leilegheit med integrert carport på solrik tomt

Moderne leilegheit i tomannsbustad på kjempefin tomt i det nye bustadfeltet Vatnehagen 2. Bustaden har gode uteareal med balkong mot sør, og treplatt på terreng på sidene. God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Store vindauge mot sør slik utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue. Her er bad i begge etasjar, og eit soverom nede og to oppe. Separat vaskerom i underetasjen, og to gode boderi bakkant av carporten. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport i tilknyting til bustaden, og privat innkøyring og parkering på sørsida. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av bustaden.

Beskriving av leveransen

Leilegheitene vert levert klar til eigeninnsats med sparkling/maling/tapetsering, membran/flislegging og golvlegging, men kan leverast heilt eller delvis klar til innflytting mot eit avtalt pristillegg. Kjøpar vil sjølv kunne velge standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velge anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen.

Følgjande er med i standardleveransen:

  • Kjøkkeninnreiing frå Kvik
  • Baderomsinnreiing frå Kvik
  • Veggmontert toalett på begge bad
  • Skyvedørsgarderobe på stort soverom
  • Garderobeskap på dei to minste soveromma
  • Varme i golv på begge bad og ytre del av gang i u.etg.
  • Balansert ventilasjon frå Villavent
  • Stålpipe med ferdig montert eldstad type Ild10
  • Rør i rør system
  • Frostsikker utekrane
  • Biloppstillingsplass i carport
  • Dekke i carport støypt i betong
  • Asfaltert veg og parkeringsareal